Synnøve Nordvik

Koloraturasopran
Image

Synnøve Nordvik er vokst opp i Gloppen i Nordfjord. Ho er utdanna ved Griegakademiet i Bergen der ho avslutta sin Mastergrad i utøvande musikk i 2008 med Harald Bjørkøy og Hilde Haraldsen Sveen som sine pedagogar. Ho studerer no hos den anerkjente operasongaren Elizabeth Norberg-Schulz, ein av dei leiande belcanto sangarar og lærarar i verden.

Som lyrisk koloratursopran har Synnøve Nordvik eit repertoar som spenner frå tidleg renessanse/ barokk til moderne musikk. Ho har vært solist på festivalar og konsertar i inn og utland, som Grieg-festivalen i Münster, Nordisk musikkfestival i Saar, Arendal Grieg-festival, Gloppen Musikkfest og i fleire anledningar vore solist under festspillene i Bergen. Ho har også vært solist på konsertar med Bergen Filharmoniske orkester og hatt ulike operaroller i oppsetningar som bl.a. Giannetta i Elskovsdrikken av Donizetti i Opera Nordfjord 2001 og understudie på rolla Frasquita i Carmen i 2009 og hovudrolla Madame Herz i operaen Der Schauspieldirektor av Mozart under De unges festkonsert med Bergen Filharmoniske Orkester i 2006 under leiing av Andrew Litton.

Ho har i fleire høve vore solist i større kirkemusikalske verk, som m.a. Juleoriatoriet med dirigent Eivind Gullberg Jensen, Maria- Vesper av Monteverdi og ulike kantater av Bach med dir. Magnar Mangersnes og J.S. Bach`s Johannespasjonen med dir. Peter Schreier.  I 2009 var ho solist under opninga av Operahuset på Nordfjordeid.

Har også delteke på Masterclass med andre anerkjente songarar og pedagogar som t.d. Orren Brown, Susanna Eken og Kiri Te Kanawa.

Fekk hausten 2011 utdelt kulturstipend frå Bergen Kommune.

Konserter